– Om 30 år er me eit grønt, sjølvforsynt og sirkulært samfunn
Det spådde SIMAS sin styreleiar på 30-årsjubileet i helga.
Laurdag 25. mai 2024 var det Open dag på anlegget i Festingdalen, som del i markeringa av 30 år med renovasjon i Sogn.
På arrangementet var det gratis for abonnentar å levere avfall og hente kompost. Det var kaffi og kake til alle, og rebusløype på området for dei små.
Direktør i SIMAS, Dagny Ugulsvik Alvik var strålende fornøgd med dagen:
– Det vart ein flott dag i strålande solskinn. Eg vil takke alle som kom!
Eigarkommunane var óg godt representert: Andreas W. Wiese (ordførar i Luster), Stig Ove Ølmheim (ordførar i Sogndal), Marta Sofie Vange (varaordførar i Vik) og Audun Mo (ordførar i Lærdal) deltok på markeringa.
Leiar for representantskapet, Audun Mo, innleia dagen med ei tale der han gav eit historisk tilbakeblikk, løfta fram SIMAS som eit godt døme på interkommunalt samarbeid og understreka kor viktig arbeidet med renovasjon er i Sogn.
På vegne av styret i SIMAS, heldt styreleiar Torunn Hønsi jubileumstale der ho vende blikket framover for dei neste 30 åra.
– SIMAS har tatt og vil ta ei stadig større rolle som pådrivar og samarbeidspartnar for berekraftig samfunnsutvikling og grøn næringsutvikling rundt avfallsressursar i sognekommunane, sa ho til forsamlinga.
– Styret jobbar no med ny strategi som skal ta oss vidare dei første fem åra, men vi må jo også ha meir langsynte briller på. Smarte og sirkulære SIMAS i eit sirkulært Sogn kan jo vere ein framtidsvisjon. (…) Eg vil dit. Styret vil dit. SIMAS vil dit. Eigarane våre vil dit. Fordi vi MÅ dit - for å redusere dei øydeleggande konsekvensane av klimaendringane.
Nysgjerrig på korleis SIMAS har utvikla seg desse 30 åra? Sjå den nye tidslinja vår.
-
HELSINGSTALE - SIMAS 30 ÅRS JUBILEUM
På vegne av styret i SIMAS, vil eg som styreleiar først av alt seie: Gratulerar med dagen til SIMAS og til Sogn!
Og ei stor takk til eigarane våre, Sogndal, Luster, Lærdal, Aurland, Årdal, Vik og Høyanger kommune som var både framoverlente og gode når dei etablerte interkommunalt samarbeid om renovasjon tilbake i 1994. SIMAS IKS har i tretti år no løyst dei lovpålagde renovasjonsoppgåvene til kommunane på solid vis i takt med stadig skiftande rammevilkår og nye lovkrav til avfallshandtering.
SIMAS er i dag ei flott kompetansebedrift med tilsette som kvar dag gjer sitt beste for at avfallshandteringa i vår region skal tilfredsstillle dagens krav og utviklast til å bli både meir sirkulær og berekraftig. Avfallet eller råstoffet vi samlar inn og vår kompetanse er saman ein viktig utviklingsressurs for eigarkommunane våre.
SIMAS har tatt og vil ta ei stadig større rolle som pådrivar og samarbeidspartnar for berekraftig samfunnsutvikling og grøn næringsutvikling rundt avfallsressursar i sognekommunane.
Så korleis utviklar SIMAS seg i dei neste 30 åra?
Styret jobbar no med ny strategi som skal ta oss vidare dei første 5 åra, men vi må jo også ha meir langsynte briller på. SMARTE OG SIRKULÆRE SIMAS I EIT SIRKULÆRT SOGN kan jo vere ein framtidsvisjon. Der avfallsressursane i større grad enn i dag går i kretslaup i regionale sirkulære verdikjeder, der digitalisering, KI og smart teknologi gjer arbeidsprosessar meir kostnadseffektive og automatiske og gir oss nye moglegheiter. Der det er etablert mange nye bedrifter i Sogn som driv med utleige, reparasjon og ombruk av av utstyr og varer. Det er etablert fleire nedstraumsløysingar for avfall i regionen, og saman med grønare mat- og industriproduksjon og fornybar kraftproduksjon i Sogn så har vi om tretti år blitt eit grønt sjølvforsynt og sirkulært samfunn. Der SIMAS er enten medeigar, kunde eller råstoffleverandør, altså eit viktig ledd i nye sirkulære verdikjeder i Sogn.
Eg vil dit. Styret vil dit. SIMAS vil dit. Eigarane våre vil dit. Fordi vi MÅ dit - for å redusere dei øydeleggande konsekvensane av klimaendringane.
I anledning jubileumsåret vil styret ta initiativ til å få inn gode idear og forslag frå innbyggararane til nytenkande tiltak og løysingar for å møte framtidas utfordringar. Vi vil fortsette å ha tett samarbeid og dialog med eigarkommunane våre, andre avfallsselskap og næringsaktørar.
Eg er viss på at saman kjem vi til å oppnå eit meir sirkulært Sogn med eit sterkt SIMAS i sentrum!
Til lukke med dagen, alle saman!
– Torunn Hønsi, styreleiar i SIMAS
Bilete frå 30-årsmarkeringa:
(Trykk på bileta for stor visning)