Sogningane blant dei beste på sortering - for andre år på rad!

Arbeidet me gjer med å sortere og samle inn glas- og metallemballasje er nominert til best i landet.

Sirkel Glass tek imot glas- og metallemballasje frå kommunar og selskap i heile Noreg, til anlegget sitt i Fredrikstad. No skal dei kåre “Årets leverandør” blant alle som leverer til dei.

SIMAS er veldig stolte over å bli nominert for andre år på rad. For å bli årets leverandør krevst det at ein har auke i mengde glas- og metall som blir samla inn, i tillegg til i positiv utvikling i kvaliteten på det som blir samla inn. Det betyr rett og slett at sogningane må vere flinke til å sortere - og det er dei!

– Det er gledeleg å bli nominert for andre gong og med det sjå at tiltak som er gjort fungerar. Arbeid med å heve kvaliteten er eit kollektivt samarbeid, på tvers av avdelingar og med abonnentane, seier Anne Sigrid Loftesnes Harjo, HMS- og kvalitetsleiar i SIMAS.

Vinnaren blir kåra i starten av 2025. Me ventar i spenning!

Les heile grunngjevinga for nominasjonen:

SIMAS imponerer med godt kvalitetsarbeid og har hatt en betydelig kvalitetsheving på sine leveranser til Sirkel. I 2022 hadde SIMAS 12,33 % avkortninger på sine leveranser, i 2023 er avkortningene redusert til 4,55 %.

Så langt i 2024 har SIMAS klart å opprettholde kvaliteten på samme nivå som i 2023, noe som gjør at de er nominert til Årets leverandør av glass- og metallemballasje for 2. gang, gratulerer!

SIMAS IKS har henteordning for glass- og metallemballasje og har hatt en økning på 33 % i innsamlet mengde etter overgang til henteordning. De har også vist at de har fokus på kvalitet ved gjennomførte kvalitetstiltak som er støttet av NMG og Sirkels kvalitetsfond.

- Sirkel Glass, 09.09.2024. Sjå saka “SIMAS imponerer med godt kvalitetsarbeid”.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vann 10.000 kroner på kjeldesortering

Neste
Neste

Slik handterer du slakteavfall hausten 2024