Årets SIMASkompost klar rett etter påske

Frå veke 14 vil god kompostjord vere tilgjengeleg på alle miljøstasjonane våre.

Kompostjorda er eigna både for private hagar, større byggeprosjekt og dyrking i stor eller liten skala. Og det beste? Den er laga av det våtorganiske avfallet me samlar inn i Sogn.

For privatpersonar tilbyr me tre typar kompostjord:

  • Rein kompostjord - tilgjengeleg på alle miljøstasjonar

  • Kompostmix - tilgjengeleg i Festingdalen og ved bestilling

  • Parkkompostmix - tilgjengeleg i Festingdalen og ved bestilling

Ønskjer du å bestille, kan du gjere det via kontaktskjema nederst på denne sida.

Me tilbyr i tillegg kompost for proff og kompost for landbruk.

Kvifor nytte SIMASkompost?

  1. Eit rimeleg og effektivt verktøy for å få frodig vekst.

  1. Rik på karbon, mikroorganismar og næring som er positivt for jordsmonnet.

  2. Fri for store steinar og ugras. Komposteringsprosessen vil normalt ta knekken på ugrasfrø og snigleegg.

  3. Torvfritt og miljøvennleg. Dette er gjenbruk av hage- og matavfall frå abonnentane våre.

  4. Gir tørkesterk jord.

Du kan hente kompostjord hjå alle miljøstasjonane til SIMAS. Finn nærmaste miljøstasjon her.

Vi kan óg vere behjelpeleg med utkøyring av større mengder. Ta kontakt!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Utvida samarbeid med Sogneprodukt

Neste
Neste

Påsken 2024: Endringar i tømmeruter og opningstider