Elevar skal utvikle “SMARTere teknologi” for meir ombruk
Saman med Ungt Entreprenørskap utfordrar me elevar i Sogn på å finne kreative og berekraftige løysingar som kan hjelpe avfallsbransjen i framtida.
Undervisningsopplegget SMARTere teknologi blir gjennomført i regi av Ungt Entreprenørskap Vestland. Her blir elevar i 6. klasser i heile fylket utfordra til å bruke eigen kreativitet og kunnskap til å løyse reelle problemstillingar i samfunnet.
Elevane får utlevert ei problemstilling frå ei verksemd i lokalområdet sitt, og skal i grupper kome opp med ei løysing på problemet. Kanskje vil ikke løysinga vere gjennomførbar i dag, men om 50 år.
Problemstilling frå SIMAS
For elevane i Sogn, er det SIMAS som bidreg med ei aktuell problemstilling:
Korleis kan ein, ved hjelp av teknologi, gjere ombruk så enkelt at SIMAS ikkje opplever å få fungerande ting i konteinerane sine?
Heile forklaringa kring problemstillinga kan du sjå i videoen nedst i saka.
Komplekse utfordringar innan ombruk
– Det var veldig kjekt for oss i SIMAS å vere med på dette opplegget i fjor. Då er det klart me ville bidra i år óg, seier Jørn Mortensen, rådgjevar i SIMAS.
– I fjor blei me imponert over løysingane elevane presenterte for korleis me kan auke kjeldesorteringa i Sogn. I år har me spissa problemstillinga inn mot ombruk, nest øvst i avfallspyramiden. Utfordringane knytta til ombruk er komplekse, og handlar om både psykologi og økonomi. Korleis skal me få flest mogleg til å velje brukt?
Me gler oss til å sjå kva idear elevane kjem opp med!