Avfallskalender for 2025 er klar
No er avfallskalender i PDF og mobilapp oppdatert for første halvdel av 2025.
Appen «Min renovasjon» gir deg avfallskalenderen på mobil. Her kan du få varsel ved tømming. Dei som har lyst til å laste ned og printe ut kalender, finn oppdatert kalender i PDF-format på knappen under.
Me sender ikkje lenger avfallskalendrane i posten for å spare papir, miljø og redusere kostnadar.