Deponi for ordinært avfall

(Denne sida er under oppdatering)

SIMAS har deponi, med løyve til å ta imot ordinært avfall og stabilt ikkje-reaktivt avfall.

Ordinært avfall er forureina massar som har konsentrasjoner av helse- og miljøskadelege stoff som ligg under grensa for farleg avfall (dvs. at det ikkje er klassifisert som farleg avfall). Ordinært avfall er heller ikkje definert som eksplosivt, radioaktivt eller smittefarleg avfall. Døme på slike massar kan vere lett forureina jord, rivemassar og betong.

Stabilt ikkje-reaktivt farleg avfall har utlekkingseigenskapar som ordinært avfall. Døme på denne type avfall er asbest og blåsesand.

Avfallsforskriften kap. 14 A gir føringer og retningslinjer for korleis betong kan bli brukt på nytt eller om betongen må bli levert til godkjent mottak. Miljødirektoratet har utarbeida ein rettleiar for handtering og gjenvinning av betong og tegl frå riveprosjekt.

Forureina grunn kan også bli avfall. Sjå veileder frå Miljødirektoratet når det gjeld handtering og disponering av gravemassar. Helsebaserte tilstandsklasser for forurenset grunn, TA-2553, gjeld for bruk av massar innafor tiltaksområde. For levering av masser utafor tiltaksområdet, som levering til deponi, gjeld avfallsforskriften kap. 9.

Mottakskontroll

SIMAS har mottakskontroll for alt avfall som skal på deponi. Dette for å sikre at avfallet er av den avfallstypen SIMAS har løyve til å ta imot. Ved levering til deponi skal den som genererer avfallet (avfallsprodusenten) ha gått igjennom avfallet og utført ei basiskarakterisering, jf. avfallsforskriften §9-11, med utfyllande informasjon om basiskarakterisering i vedlegg II.

Eit samandrag av basiskarakteriseringa skal følgje avfallet ved levering til SIMAS. Sjå veileder og skjema for karakterisering av avfall.

Som del av mottakskontrollen kan det bli spurt etter analyser, som utlekkingstestar og analyse av TOC. TOC er mengden totalt organisk karbon. Denne mengden seier noko om biologisk aktivitet og nedbryting av avfallet. For å legge avfallet på deponi må TOC vere under 10%. I tillegg til analyser, kan det bli utført visuell kontroll av avfall som kjem inn til deponi.

Farleg avfall

Plikt til å levere og deklarere farleg avfall er regulert i avfallsforskriften kap. 11. Ved miljøstasjonane til SIMS kan ein levere farleg avfall. Som privatperson (avfallsbesitter) kan du levere 1000 kg farleg avfall pr. år. Som avfallsbesitter er ein pliktig til å merke avfallet med informasjon om innhald og eigneskapar før levering til miljøstasjon, samt sikre at avfallet er forsvarleg emballert/pakka.

Som næringskunde har ein plikt til å levere farleg avfall om det overstig 1 kg pr. år. Levering av farleg avfall er omfatta av ei deklareringsplikt. Informasjon og veiledning til deklarering av farleg avfall finn ein her.

Brannavfall

Regelverk som gjelder for vanleg rivningsarbeid gjelder også for brannavfall iht. TEK17 §9-6, med krav til avfallsplan og miljøsaneringsrapport.

Pga. høge temperaturer, vatn og kollaps av bygningar kan branntomter vere samansette. Brent materiale og oske skal i utgangspunktet bli behandla som forureina eller farleg avfall. Miljøsaneringsrapport med nødvendige prøvar og analysar er viktig dokumentasjon for å finne ut korleis ein skal handtere ulike avfallsfraksjonar. T.d. er det er viktig at ein tek prøvar av oske for å kunne vurdere om dette kan gå på deponi.

Avfallstypar til deponi

Under er det lista opp dei avfallstypar SIMAS kan ta imot på deponi. Trykk på kvar avfallstype for meir utfyllande informasjon til hjelp i vurdering og karakterisering av avfallet