Returkartonglotteriet
Alle kan delta og vinne i Returkartonglotteriet - privatpersonar eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag etc. Årleg blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner, fordelt på 120 premiar á kr. 10.000 og 4 premiar á kr. 100.000.
Kartongane leverer du saman med anna papp og papir. Du treng ikkje legge kartongane i pose e.l.
OBS! No treng du ikkje lenger å lage kubbe for å vere med i trekninga av den store premien på kr. 100.000. No tel óg ein einskild kartong som lodd til hovudpremien.
Kva skjer med kartongane du sender til gjenvinning?
Gjenvinning av drikkekartongar skjer på denne måten:
Utsortert drikkekartong vert pressa til ballar og vert seld til papirfabrikkar.
Kartongane vert kverna opp og tilsett vatn. Papirfibrane vert reinsa, tromla og pressa og blir til nye papp- og papirprodukt med minimalt bruk av kjemikalie.
Papiret vert brukt i produksjon av nye kartongar som pizza-, corn-flakes-, skoøsjer m.m.
Sjølv om alle som kildesorterar drikkekartongar ikkje kan vinne Returkartonglotteriet, så er i alle fall miljøet ein vinner då alle kartongane vert gjenvunne til nytt papir.
Korleis blir du med i trekninga?
Grønt Punkt Norge arrangerer lotteriet, og me i SIMAS syter for at abonnentane sine lodd vert med i trekninga.
Du må skrive namn og telefonnummer til den du ynskjer skal vinne på kartongen. Legg kartongen laust i avfallsdunken saman med papp og papir. Du skal ikkje pakke det inn i pose eller liknande.
Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på kr. 10.000 og 4 premiar på kr. 100.000. Nytt frå og med 1. januar 2022 er at du ikkje lenger treng å lage kubbe for å vere med i trekninga av den store premien på kr. 100 000. No tel óg einskildkartongar som lodd til hovudpremien.
Fakta om Returkartonglotteriet
Alle kan delta og vinne i lotteriet – privatpersonar eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag etc.
Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar à kr. 10.000 og 4 premiar à kr. 100.000.
Deltakar skriv namn og telefonnummer på den de vil skal vinne og leverer kartongen i den kommunale innsamlingsordninga. Då har du eit lodd.
Kartingen vert trekt på 84 ulike trekkjestadar, spreidd over heile landet. Her vert det trekt mellom 1 og 7 kubbar avhengig av innbyggjartal, til saman maks 188 kvart kvartal. Desse kartongene går vidare til nasjonal trekning.