Prisar privat renovasjon

Renovasjonsgebyret tiI SIMAS er delt opp i to deler:

  1. ein fast del med eit grunngebyr per bueining

  2. ein variabel del knytt til storleik på behaldar for restavfall

Prisar for 2025

Kommunale tillegg 2025

Årdal kommune

Kommunalt tillegg renovasjon (332,50 per år): Er med på å dekkje kostnader i forbindelse med etterdrift av avfallsplassar t.d. Dalsuri.

Sogndal og Lærdal kommune

har også vedtatt kommunalt tillegg på avfallsgebyret.

Om du har spørsmål om tillegga ber vi deg ta kontakt med kommunen din direkte.

Luster kommune

Kontrollgebyr slam: 513 ,- per år.

Luster kommune har vedteke ei lokal forskrift Gebyr for sakshandsaming og kontroll av avløpsanlegg som dekkar private og spreidde avløpsanlegg. Denne forskrifta gjev heimel til kommunen å krevje inn eit kontrollgebyr for desse avløpsanlegga, som finaniserer kommunen sitt tilsynsarbeid. Private avløpsanlegg representerer eit potensiale for ureining og kommunen pliktar å ha tilsyn og kontroll med dette fagområdet, og om naudsynt pålegge eigar av anlegget tiltak.

Dette tilsynsarbeidet er starta opp, og alle som har slamtømming vert fakturert ein sum som går til kommunen.

 

Kommunalt tillegg slam:

  • Publikumsmottak inkl. registrering i KomTek og sjekk av KomTek-opplysningar

  • Kostnader med abonnement og lisenser KomTek og GIS

 

Kommunalt tillegg renovasjon/fritid:

  • Publikumsmottak inkl. registrering i KomTek og sjekk av KomTek-opplysningar

  • Organisering sal posar og sekker

  • Kostnader med abonnement og lisenser KomTek og GIS

Andre prisar 

For prisar på miljøstasjon, sjå denne sida.

Dette er eit standard abonnement

  • Restavfall 140 L - tømmast kvar 4. veke

  • Papiravfall 140 L – tømmast kvar 4. veke

  • Våtorganisk 140 L – tømmast kvar 2. veke

  • Glas- og metall 140 L – tømmast kvar 12. veke

  • Plastsekk – tømmast kvar 4. veke

Pris standard abonnement i 2025: kr. 4.481,-

Deler du behaldar? Treng du større?

Ein vanleg behaldar (140 l) er meint å vere nok til restavfall for 1 bustad, og held for dei fleste abonnentane våre. Har du t.d. utleigedel eller mykje bleier, kan du be om større behaldar, mot ei auke i gebyret. Ein kan når som helst endre behaldar, berre ta kontakt!

Dette er dei ulike behaldarane våre.

Faktura - ofte stilte spørsmål