Utlevering av bioposar og plastsekker
Alle husstandar får utlevert plastsekkar til plastemballasje ein gong i året.
Ny ordning for utlevering av poser til matavfall: når du treng nye posar til matavfall, knyt ein pose på behaldaren for matavfall, så får du ny rull av renøvatøren ved neste tømmedag. Seksjon med svar på ofte stilte spørsmål om utlevering av bioposar og plastsekkar finn de lenger ned på denne sida.
I 2024 er det utlevering av plastsekker i veke 8 og 9.
Vanlege spørsmål
-
Om de er eit par eller tre husstandar som deler på ein behaldar knyt de berre antal pose per rull de ynskjer å få utdelt. Om de er tre husstandar som treng ny rull knyt de tre posar på behaldaren for mat- og våtorganisk avfall.
-
For burettslag er det leiar for burettslaget som er ansvarlig for å bestille ruller med bioposer. Ta kontakt på post@simas.no, med informasjon om kontaktperson, adresse og tal på ruller med bioposer.
Dei burettslaga der heile eller deler av burettslaga består av bueiningar med eigne dunkar blir bioposar levert ut når det er knytt pose på behaldaren. -
Mat- og våtorganisk avfall som blir innsamla i Sogn blir til kompostjord på anlegget i Festingdalen. Posene me deler ut brytast ned og blir til jord i lag med matavfallet under komposteringsprosessen. Ved å bruke poser fra andre områder i landet som t.d. sender matavfallet til produksjon av biogass kan du risikere å bidrege til spreiing av mikroplast, då andre poser kan vere laga av plast- selv om dei er grøne.
-
Kvar husstand har rett på ein rull med plastsekkar kvart år.
-
Plastsekkar blir levert ut gratis ein gong i året. Utlevering er vanlegvis rundt februar/mars. Dette kan endre seg frå år til år, så følg med i avfallskalenderen.
-
I mange tilfelle er det fleire husstandar som deler avfallsdunk. Då har ein framleis krav på ein rull med plastsekkar per husstand.
Men hugs at det ikkje alltid er like lett for sjåføren å vite kor mange rullar du skal ha dersom du deler dunk med fleire.
-
Nei, du vil ikkje få utlevert rullar viss avfallsbehaldaren ikkje står ute på tømmedagen. Sjå neste spørsmål.
-
Grunngebyret du har betalt dekker ein rull med plastsekkar, har du brukt opp dei må du betala for å få fleire.