Laurdag kan du møte oss på Bondens Marknad i Sogndal
Nysgjerrig på heimekompostering? Då bør du kome innom standen vår
Laurdag 24. august er det Bondens Marknad i sentrumsparken i Sogndal. Me kjem med eigen stand, og vil bruke høvet til å vise fram ulike komposteringsmetodar som varmkompostering og kompostering med bokashi,
Les meir om ulike heimekomposteringsmetodar.
Ynskjer du å kaste mindre mat?
Me kastar for mykje mat. Nesten 1/3 av maten som vert produsert i verda går rett i søppelet. I Noreg kastar kvar einskild av oss 43 kilo mat pr år. Dette talet må me saman arbeide for å få ned. Kom innom oss på standen for å få gode tips til å redusera matsvinnet!
Me håpar du kjem innom oss på standen, og gledar oss til ein flott dag på Bondens Marknad saman med dykk!