SIMAS byggjer miljøpark i Luster

Slik vil ny miljøpark sjå ut, tilrettelagd for langt fleire besøkande enn i dag. ILLUSTRASJON: Norconsult

Slik vil ny miljøpark sjå ut, tilrettelagd for langt fleire besøkande enn i dag. ILLUSTRASJON: Norconsult

– Miljøstasjonen i Gaupne har vore for liten lenge. Nå bygger me ny, i tillegg til at me skal få inn aktivitetar knytt til ombruk - difor miljøpark.

Det forklarar Geir Øygard, anskaffing- og prosjektsjef i SIMAS. Han er glad prosjektet begynner å ta form. I desember hadde dei orienteringsmøte for interesserte utbyggjarar, og 18. januar går fristen i anbodskonkurransen ut.

– Det er mange som har vist interesse for jobben, så eg håper me får inn fleire gode anbod. Me har gjort nokon tvistar i anbodet, og satt krav til både oss sjølv og utbyggjar om å tenkje miljø og ombruk. Det er mellom anna krav til lavkarbonbetong og krav om at dører og vindauge må vere ombruk. I tillegg ønskjer me kreative løysingar, som til dømes ein skiljevegg av syltetøyglas. Me får sjå kor kreative me klarar å vere, fortel Øygard.  

Veks ut av arealet

Luster miljøstasjon er den best besøkte miljøstasjonen hjå Simas, der den ligg på Gaupnegrandane i Gaupne. Den er open to dagar i veka og kan ha opp mot 120 besøkande på ein dag, alt etter årstid.

– I snitt går besøket gradvis opp og arealet er på standby. I tillegg er det stadig fleire fraksjoner me kan skilje ut, så me treng plass til fleire konteinarar. Dagens areal får me ikkje utnytta på nokon betre måte. Det er for lite og kan ikkje utvidast, fortel Øygard.

Difor har SIMAS, saman med Luster kommune, planlagt ny miljøpark på kommunen sin eigedom lenger ned mot fjorden – i området ein kallar Røneidsgrandane. Her skal kommunen stille med ferdig opparbeida tomt og ny tilkomstveg, medan SIMAS skal byggje ut ein større rampe med plass til 14 konteinarar, for å vere rigga for kjeldesortering også i framtida. Slik blir dagens tilbod på rundt 2,5 mål auka til nesten 8 mål.

– Det er etterlengta og blir fantastisk bra, seier Øygard fornøyd.

Orienteringsmøte i desember: (f.v.) Geir Øygard, anskaffing- og prosjektsjef SIMAS, Terje Arild Kveane, teknisk leiar Luster kommune og Jan Magne Svåi, leiar på eigedom i Luster kommune. FOTO: SIMAS

Orienteringsmøte i desember: (f.v.) Geir Øygard, anskaffing- og prosjektsjef SIMAS, Terje Arild Kveane, teknisk leiar Luster kommune og Jan Magne Svåi, leiar på eigedom i Luster kommune. FOTO: SIMAS

Auka fokus på ombruk

I tillegg til ein større rampe, blir det satt opp bygg med betre forhold for dei som er på jobb. Her blir det kontor og garderobe, samt betre tilrettelegging av rein og urein sone.

– Med to køyrebanar, ventesone og forbikøyringsfelt blir det god kapasitet for besøkande, utdjupar Øygard.

I tillegg er det satt av eit område der fokus skal vere ombruk. Her er målet å få til eit samarbeid med lokale aktørar. Til dømes med Luster frivilligsentral, som driv bruktbutikk på Pyramiden, og ATS i Gaupne som har arbeidskraft.

– Mykje som blir levert til SIMAS kan enkelt fiksast og leve vidare. Med eit slikt samarbeid, kan folk sette frå seg ting på miljøparken og la ATS fikse det, før frivilligsentralen omset det vidare til nokon som treng det. Det hadde vore eit bra samarbeid, fortel Øygard og legg til:

– Dette blir neste fase av prosjektet. Men nå har me tilrettelagt og har areal til både gjenbruksstasjon og verkstad. I tillegg er kommunen positive, så eg trur me skal få til eit godt samarbeid.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

SIMAS har signert avtale for bygging av Luster Miljøpark

Neste
Neste

Endring i tømmeruter i Vik