Bilbatteri
Bilbatteri er tradisjonelle startbatteri brukt i diesel- og bensinbilar.
Elbilbatteri er annleis og kan vege opptil fleire hundre kilo. Desse leverer du saman med el- eller hybridbilen når den kasseres.
Slik gjer du:
Sørg for at polane til batteriet er dekka til. Om du ikkje har plastknottane til batteriet kan du dekke desse til med feks teip.
Finn næraste butikk som sel bilbatteri eller næraste gjenvinningsstasjon.
Levér inn (det er gratis å levere inn bilbatteri til gjenvinning).
Kjelde: sortere.no