Reingjeringsmiddel
Ein god del såper og desinfeksjonsmiddel kan innehalde helse- eller miljøskadelege stoff. Dette må handterast som farleg avfall.
Lever det alltid som farleg avfall om det er andre faremerke på emballasjen eller det står «Fare» under eit av faremerka:
Er du i tvil om noko er farleg avfall, er det best å ikkje ta sjansar: lever det uansett som farlig avfall. Farleg avfall inneheld miljø- og helseskadelege stoff og kan gjere stor skade om det hamner på avvege (eller i restavfallet).
Slik gjer du:
Ha en fast plass der du samlar farleg avfall.
Lever det farlege avfallet i originalemballasjen om mulig. Du kan også bruke ein anna emballasje og skrive på kva den inneheld.
Lever til næraste miljøstasjon.
Farleg avfall vert henta hjå SIMAS for vidare handsaming i godkjente anlegg.
-
Lever det som farleg avfall. Om du er i tvil, er det best å ikkje ta sjansar, då er du sikra at miljøfarlege stoffer ikkje lek ut i naturen.
-
Dette leverast som farleg avfall. Lever også tom emballasje som farleg avfall om det er merka med eitt eller fleire faremerker. Her finn du ein oversikt over faremerka, med informasjon om kva merka betyr og korleis du handterer innhald og emballasje.
Kjelde: sortere.no