Matavfall
Matavfall er alt avfall som kjem frå det du kan putte i munnen.
Slik gjer du det
For å få utlevert bioposer, knyt ein pose på behaldaren før neste tømmedag, så legg renovatøren att ein rull- då er du klar for sortering.
Bruk sansane: sjå, lukt og smak på maten før du eventuelt kastar den. Å ikkje kaste spisbar mat er bra for både lommeboka og miljøet.
Fjern eventuell emballasje og kast matavfallet i bioposen. Dei toler mindre enn ein plastpose, så ta gjerne litt papir i botn av posen.
Samle bioposane i eigen behaldar for våtorganisk avfall, og set denne ut for tømming når renovasjonsbilen kjem.
—>Typiske ting du sorterer som Matavfall:
Kaffegrut, Skrotter, Fruktsteinar, Rekeskal, Små kjøttbein, Fett og matolje.
—> Typiske ting du ikkje sorterer som Matavfall:
Snus, Potteplante, Mat med emballasje, Jordmassar, Tyggegummi, Avføring frå kjæledyr.
Kva blir det til?
Alt våtorganiske avfall i området vårt blir til kompostjord. Denne jorda kan du kjøpe og nytte for ein frodigare hage.
Kjelde: Sortere.no