Metallemballasje

 

Metallemballasje er all emballasje i metall og sorterast i behaldaren for glas- og metallemballasje.

 

Produkt som er laga av metall, for eksempel gryter, knivar og tørkestativ, leverer du til næraste gjenvinningsstasjon. Metallemballasje som har inneheldt farlege stoff, leverer du som farleg avfall. Sjå etter faremerke på emballasjen.

Slik gjer du det

  1. Metallemballasjen er klar for sortering når den er tom for restar. Tøm ut restar og skyl emballasjen i kaldt vatn. Om restane er vanskelege å få ut kan du la emballasjen stå i vasken i kaldt vatn eller vatn frå oppvasken. Du kan også bruke litt tørkepapir for å få bort restar.

  2. Rist emballasjen tørr.

  3. Legg gjenstanden løst i behaldaren for glas- og metallemballasje. Merk at metallemballasjen ikkje skal ligge i pose oppi behaldaren. Behaldaren set du ut for tømming av renovasjonsbilen.


—> Typiske ting du sorterer som Metallemballasje:

Hermetikkbokser, Påleggstube i metall, Syltetøylokk, Drikkeboks uten pant, Aluminiumsform.

—> Typiske ting du ikkje sorterer som Metallemballasje:

Tilgriset emballasje, Spiker og skruer, Kniver, gryter og panner, Vaffeljern.


Kva blir det til?

Metall er blant dei materiala som er enklast å gjenvinne. Innsamla metallemballasje blir sortert og selt til smelteverk som produserer nye metallgjenstandar som spikrar, skruar, hagereiskapar, emballasje, bilfelgar og sykkeldelar.

 
  • Desse sorterer du som metallemballasje. Både aluminiumsfolie og -formar kan du bruke fleire gonger. Bruker du aluminiumsfolie til oppvarming av tacolefser, kan du spare den til neste gang du skal ha taco. Eller bruke den til oppbevaring av restar eller til annan matlaging.

    Bytt frå eingongs til fleirgongs! Du kan også bruke andre alternativ som tar like godt vare på maten: * Oppbevar mat og matrestar i tomme syltetøyglas, boksar i plast eller matboksar du har liggjande * Stek eller varm opp mat i eldfaste formar

  • Metallemballasje med mykje restar kastar du i restavfallet. Er det mykje matrestar igjen, som det ofte kan bli i ein makrell-i-tomat-boks, skyl i kaldt vatn eller bruk litt tørkepapir. La den gjerne stå litt i vatn først slik at restane lausnar.

    Svært skitten metallemballasje kan øydeleggje for gjenvinninga og gir dårlege arbeidsforhold for dei som jobbar med gjenvinninga av metallemballasje.

  • Metalltubar som har mykje restar igjen, kastar du i restavfallet.

    Tømmer du tuben for innhald, får du både spist opp maten og gjort tuben klar for sortering. Tuben er tom nok når du har klemt ut alt innhaldet. Eit triks du kan gjere er å dra tuben langs bordkanten, eller bruke ein kniv for å presse ut restane av innhaldet. Korken sorterer du som plastemballasje.

  • Er produktet fortsatt brukbart? Gje bort eller sel det. Er det øydelagt, ta med metallprodukta når du skal til gjenvinningsstasjonen. Produkt av metall, som ikkje er emballasje, sorterast ikkje som metallemballasje.

  • Skarpe gjenstandar skal ikkje sorterast som metallemballasje. Dersom det kjem skarpe gjenstandar, som knivar, spiker og skruer, saman med metallemballasjen kan dette øydeleggje delar av gjenvinningsanlegget (eks: kutte opp sorteringsband eller henge seg opp i maskinane).

  • Du kan la etiketten bli sittande på emballasjen når du sorterer den. Emballasjen blir handtert på gjenvinningsanlegget slik at etikettane blir sortert separat ved hjelp av tørrvasking og ein varmluftprosess som gjer at limet lausnar og etikettane fell av.

  • Sprayboksar i metall leverer du som farleg avfall. Dei einaste unntaka er sprayboksar som har inneheldt mat, som krem på boks og formfett. Desse sorterer du som metallemballasje.


Kjelde: Sortere.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Matavfall

Neste
Neste

Glasemballasje