Me treng den gamle mobilen din!
Har du ein eller fleire gamle telefonar liggjande? Lever dei inn, slik at me kan hente ut grunnstoff og lage nye produkt.
Laurdag 14. oktober er den er den internasjonale EE-avfallsdagen, for å setje fokus på elektrisk avfall og verdien av å resirkulere.
I følge Avfall Norge er årets kampanje ekstra viktig. Covid og krigen i Ukraina har redusert tilgangen på råmaterialane og elektroniske komponentar dramatisk. Dette har auka prisen på metall, med aluminium på eit rekordnivå.
Me må gjere ein innsats i Sogn
Tall frå loop.no viser at me i Noreg kjøper over to millionar mobiltelefonar kvart år. Samtidig har 7 av 10 nordmenn ein eller fleire telefonar liggande i skåp og skuffer. Dette må me gjere noko med.
– Me håpar abonnentane våre gjer ein innsats for samfunnet. Me treng råvarene til produksjon, planeten treng ikkje fleire gruver for utvinning, fortel Jørn Mortensen, rådgjevar for kommunikasjon og berekraft i SIMAS.
– Og det er helt gratis å levere EE-avfall. Alle butikkar som sel elektronikk kan ta imot EE-avfall, i tillegg til alle miljøstasjonane våre.
Mobilen inneheld 40 ulike metall
Mange av oss har mykje elektronikk som samlar støv heime. Mobiltelefonen vår er ein av EE- avfallet si store stjerne. Den har vore på ei lang reise før den endar opp i butikkhyllene.
– I tillegg inneheld alle telefonar sjeldne metall og grunnstoff som vi kan nytte tilbake i produksjon. Dei inneheld faktisk opptil 40 ulike metall, mellom anna gull, jern, sølv og kobolt. Desse metalla er ikkje-fornybare, og det krevjar mykje meir ressursar å hente ut nye metall enn å ombruka dei som allereie finnes i dagens elektronikk, forklarar Mortensen.
Samla inn 144.000 tonn!
I 2020 vart det samla inn 144 000 tonn elektronisk avfall, der over 70 prosent av dette ble materialgjenvunne og brukt til å lage nye produkt, ifølge Miljødirektoratet.
– Forventa levetid på ein mobil i Europa er tre år. Om alle i Europa hadde nytta mobilen sin eitt år lenger, hadde vi til saman spara CO2-utslipp tilsvarande det 1 million biler slepp ut i året, påpeiker Mortensen, og legg til:
– Om du i tillegg leverer den til gjenvinning, kan metalla tar ut nyttast i ny elektronikk.