Lærling i SIMAS

For deg som likar ein aktiv og lærerik kvardag. Du får god og trygg opplæring mens du opparbeider deg nyttig, praktisk erfaring.

Ved hovudanlegget vårt på Kaupanger er me over 30 kjekke kollegaer du vil jobbe saman med.

Sjå ledige lærlingplassar under.

Ledige lærlingplassar no:

Kontor og administrasjon

I administrasjonen vår er ingen dag lik. Her får du nye utfordringar kvar dag og det er mykje å lære.

Du lærer om kundeservice, økonomi, sakshandsaming, bestillingar og prosedyrar. Lærlingen held til i administrasjonsbygget i Festingdalen på Kaupanger.

Utdanning:

  • Vg1 Service og samferdsel

  • Vg2 Sal, service og sikkerhet

  • Vg3/Opplæring i bedrift – Lærling 2 år.

Slik søker du:

Send søknadstekst og CV til Cecilie Thaule Løvlid på cecilie@simas.no innan 1. mars 2025.

Transport og yrkessjåfør

Å vere sjåfør hjå SIMAS gir ein variert og aktiv kvardag, der du anten køyrer lastebil med containerar eller lastebil med varer.

Når ein køyrer containerar er det byting og henting på miljøstasjonane. Lastebilen som leverer varer hentar òg inn avfall, avfallsbehaldarar og forskjellige typar fraksjonar på miljøstasjonane.

Utdanning:

  • Vg1 Service og samferdsel

  • Vg2 Transport og logistikk

  • Vg3/opplæring i bedrift – Lærling 2 år

Slik søker du:

Send søknadstekst og CV til Paulius Cekanavicius på paulius@simas.no innan 1. mars 2025.

Gjenvinningsfag

Som gjenvinningsoperatør får du bidra til ombruk ved at ting ikkje blir kasta, men heller kan brukast på nytt.

På miljøstasjonen er det mange felt du kan arbeide med: komposthallen, deponiet, miljøstasjonen og pressehallen.

Dette er eit yrke som spesialiserer seg på gjenvinning av brukte og kasserte produkt og råstoff.

Utdanning:

  • Vg1 Teknikk og industriell produksjon

  • Vg2/opplæring i bedrift – Lærling i 3 år

Slik søker du:

Send søknadstekst og CV til Jan Frode Bolstad på janfrode@simas.no innan 1. mars 2025.

Om SIMAS

Visste du at kvar sogning kastar omlag 400 kg avfall i året? Det er me i SIMAS som har ansvar for å samle inn dette og passe på at det blir til nye ting.

I avfall er det nemleg store verdiar, form av pengar, men også for naturen og miljøet. Difor er vi opptekne av å ta vare på avfallet og sjå dette som ressursar som kan bli til noko nytt. Vårt slagord er “Ressursar på rett veg”.

Hovudkontoret vårt ligg i Festingdalen på Kaupanger. I tillegg har me miljøstasjonar på fleire plassar i Sogn.

Les meir om SIMAS

Korleis er det å vere i lære?

Sjå video fra Utdanning.no

Korleis søke lærlingplass?

Å være lærling betyr at du utdanner deg til yrket gjennom å jobbe ute i bedrift. Ein læreplass blir difor ikkje tildelt på same måte som ein skuleplass.

Slik søker du:

  1. Søk via vigo.no innan 1. mars

  2. Send inn søknad til riktig person i SIMAS (sjå kvar stilling)

Sjå detaljert forklaring hos utdanning.no