Informasjon til burettslag og sameige
SIMAS ønskjer å skape best mogleg rammer for avfallssortering. Her finn du informasjon om korleis me legg til rette for burettslag og sameige.
Biposar og plastsekkar
Bioposar: Leiar for burettslaget er ansvarleg for å bestille rullar med bioposar. Ta kontakt på post@simas.no med info om kontaktperson, adresse og antal rullar. For burettslag som heilt eller delvis består av bueiningar med eigen behaldar, blir bioposar levert ut når det er knytt pose på behaldaren.
Plastsekkar: Leiar for burettslaget er ansvarleg for å bestille rullar med plastsekkar. Ta kontakt på post@simas.no med info om kontaktperson, adresse og antal rullar. For burettslag som heilt eller delvis består av bueiningar med eigen behaldar, blir plastsekkar delt ut ein gong i året. I 2025 vert sekkar utlevert i veke 12 og 13 (17. - 30. mars).
Sorteringsplakat til søppelrom
Me har utforma sorteringsplakatar som viser korleis bebuarane skal sortere.
Plakatane er tilgjengelege for nedlastning her, eller styreleiar kan ta kontakt på post@simas.no for å få laminert versjon levert til nærmeste miljøstasjon.
Last ned plakat og print ut sjølv:
SIMAS fortel om kjeldesortering
SIMAS tilbyr å kome til deg for å fortelje om sortering av avfall. Dette er nyttig for både styre og bebuarar - anten om det er under ei generalforsamling eller anna anledning.
Bestille? Send e-post til Jørn Mortensen på jorn@simas.no

Kvifor kjeldesortere?
I fjor sparte vi 11.200 tre ved å resirkulere papp og papir - berre i Sogn
Resirkulering av 1 kilo plast sparar nok straum til å lade ein smarttelefon 1300 gonger
Omsmelting av aluminium sparar 95 % av energibruken samanlikna med å lage nytt
Resirkulering av 1 tonn drikkekartong sparar utslepp på over 650 kilo CO2