Vik miljøstasjon
Ope torsdag 10.00 - 18.00.
Kva kan eg levere på miljøstasjonen?
Kjøpe kompost?
På miljøstasjonen i Vik har me rein kompostjord i småsekker 40 L og rein kompostjord og kompostmix i Big bags ca. 1 m3.
For større mengder og Parkkompost ynskjer me at du bestiller via skjema, meir informasjon om SimasKompost, prisar og skjema for bestilling finn du her.
Høgtids- og heilagdagar 2026
1. januar - stengt
2. april - stengt
14. mai - stengt
24. desember - stengt
31. desember - stengt
Dersom det skulle vere naudsynt med levering på miljøstasjon utanom opningstidane, kan du levere avfall og ressursar på ein av SIMAS sine andre miljøstasjonar på same kvote eller pris.
Her finn du oss
Elvegata 60,
Seim, Vik i Sogn
Få gratiskvote med MiljøID
Me har innført tilgangsbevis (Miljø ID) for å levere avfall på miljøstasjonane til SIMAS. Dette gir gratiskvote på 3 kubikk kvart år.
Tilgangsbeviset får du ved å laste ned appen MiljøID på telefonen, eller ved å nytte fysisk kort som du kan bestille hjå SIMAS.